|
Gjennomførte miljøtiltak og resultat (1998)
·
Hotellet har lagt om reinhaldsrutinane sine med nye metodar og utstyr og
såleis spart inn kr 35.000 på reinhaldsmidlar frå 1996 til 1997 og
reknar med at dei vil spare ytterlegare i 1998. Dei har innførd
reinhaldsplan og alle tilsette i hotellavdelinga får opplæring i samsvar
med planen.
·
Hotellet har kutta ned leverandørlista, slik at dei no får alle
vaskemidlar og rekvisita levert av Henckel Ecolab. 90 % er "Bra
miljøval"- merka.
·
Hotellet har redusert straumforbruket sitt frå 1996 (1.538.000 kWh) til
1997 (1.429.400 kWh) med 108.600 kWh. Dette skuldast fleire tilhøve:
1.
Oljefyren er reparert slik at den no varmar opp alle deler av
hotellet. I 1996 virka anlegget ikkje i den vestlege delen av hotellet.
2.
Skifta til lavenergipærer (sparepærer) i alle korridorar og
felles opphaldsrom der dette er praktisk mogleg.
3.
Hotellet legg vinn på å samle gjestene i ein etasje når det er få
gjester på hotellet, slik at man unngår unødig oppvarming.
4.
Hotellet senkar temperaturen på alle rom som ikkje er i bruk til
12-15 grader.
·
Hotellet har auka omsetnaden pr gjestedøgn i perioden 1996 til 1998.
|
|
1996 |
1997 |
1998 |
|
Omsetning |
22
032 000 |
23
481 000 |
21
509 000 |
|
Gjestedøgn |
29
056 |
27
989 |
27
329 |
|
Omsetning pr. gjestedøgn |
758,26 |
838,94 |
787,04 |
Talla
for 1998 er for perioden januar- september, og det mangla såleis 3
månaders drift med normalt sett høge omsetningstall pr gjestedøgn (kurs
og konferansar, samt jolebordsesongen).
Utfordringar
Undervegs har
me og oppdaga ein del ting som slår negativt ut miljømessig:
·
Vassforbruket pr gjest har auka frå 1996 til 1997. Dette kan forklarast
med at hotellet i 1997 hadde fleire asiatiske gjester, som rett og slett
bada meir enn gjester frå andre verdsdelar (alle rom har badekar).
|
|
1996 |
1997 |
1998 |
|
Vassforbruk i liter
|
7 699 000 |
9 397 000 |
9 300 000 |
|
Tal gjestedøgn |
29 056 |
27 989 |
29 960 |
|
|
|
|
|
|
Vassforbruk pr.
gjestedøgn i liter |
264,97 |
335,74 |
310,41 |
Tala for 1998
er estimert vassforbruk for heile året sett opp i mot tal gjestedøgn pr.
31.10,slik at tendensen i vassforbruk ser ut til å gå i riktig retning
igjen - dvs. lågare forbruk enn i 1997.
· Alle
innkjøp til kjøkken vert gjort på Voss og i Bergen der storleverandørane
er. Det vert nytta svært lite ferdigprodusert mat, bortsett frå såkalla
”bake of” produkt (kaker som bare skal stekast) og desserter.
· Grunnen
til at dei gjer det på dette viset skuldast fleire ting i fylgje dei
sjølve:
·
kjedeavtaler
·
tilgangen på
lokalt produserte råvarer er minimal.
·
økonomiske
tilhøve
Rica Hotellene Hardanger deltok i
prosjektet ”Grønt reisemål Ulvik”, en del av GRIPs pilotprosjekt i Ulvik
1997-1998. |